Müsli

Nydeleg müsli som passar perfekt som frukost eller kveldsmat. Gjerne med litt oppkutta frukt og gresk youghurt... Nam! Ellers er müsli på glas fint å gje vekk i gåve. Eg har faktisk dobla oppskrifta nokre gonger og laga meg eit lite lager med müsliglas som eg har planar om å gje vekk.

250 g havregryn

50 g solsikkekjerner

100 g nøtter (mandlar/hasselnøtter/paranøtter), grovhakka

100 g frø (sesamfrø/hempfrø/linfrø)

50 g kokos

100 g rosiner eller tørka bær (tranebær/kirsebær/blåbær)

25 g palmesukker eller brunt sukker

1 klype flaksalt

 

Rør alt det tørre saman i ein stor bolle.

 

1 dl appelsinjuice

1 ss honning

1 ss kokosolje eller meierismør

 

Ha juice, honning og kokosolje/meierismør i ein liten kjele og varm det til honning og olje har løyst seg opp. Hell så det våte i müsliblandinga og rør godt saman. Fordel alt i ei bakepapirkledd langpanne og steik på 140 grader (ikkje varmluft) i ca 50 min. Rør rundt i müsliblandinga nokre gonger undervegs i steiketida, slik at müslien får ein fin farge.

3 kommentarer

Barbro

24.aug.2011 kl.04:08

Da e so namme nam! Må snart fylla opp boksen igjen :)!

Ida

30.aug.2011 kl.21:03

Denne laget jeg (med modifikasjoner) i går! Ble veldig godt :-) Er det ok om jeg poster oppskriften på bloggen min (med endringene så klart) og linker tilbake til deg?

matmedsara

30.aug.2011 kl.22:45

Ida: Klart det :) Takk for at du spør :)

Skriv en ny kommentar

matmedsara

matmedsara

22, Granvin

Sara. Bur i Bergen med kjæreste (Lennart) og jenta vår (Mina) på 9 mnd. Lærarstudent med interesse for god mat.

Kategorier

Arkiv

hits