Lennarts sjokoladekake

Denne fine kaka fekk eg av Lennart og Mina i dag =)

4 egg

2 dl sukker

3 dl kveitemjøl

3 ts natron

2 ts kanel

1 ts salt

1 ts vaniljesukker

1,5 dl olje

2 raspa gulerøtter

 

Glasur:

2 sjokoladeplater

2 ss kaffi

100 smør

2 dl melis

 

Rør saman egg og sukker. Bland i kveitemjøl, natron, kanel, salt og vaniljesukker. Rør deretter i olje (for eksempel soya) og de raspa gulerøttene. Hell i ei smurt form og sett i ovnen i ca 1 time på 190 grader. For at kaka ikkje skal vi seg, kan det vere lurt å legge eit ark bakepapir over kaka når halve tida er gått.

Smelt sjokolade og bland i kaffi. Visp smøret luftig med ein desiliter melis. Vend forsiktig inn i sjokoladeblandinga og smal til med meir melis.

Kvit sjokoladeostekake

Ei av kakene me serverte i Mina sin 2 årsdag i oktober.

100 g kornmokjeks

50 g smelta smør

400 gram kvit sjokolade

3 dl kremfløyte

250 g philadelphia

250 g mascarpone

 

Knus kjeksene i ein blender/food processor. Tilsett smelta smør og køyr igjen. Kle ei rund kakeform (ca. 20 cm) med bakepapir. Fordel kjeksmassen i forma og press den godt ned med baksida av ei skjei. Dekk forma og sett den kjøleskapet til den skal brukast. Brekk sjokoladen i små bitar som varmast opp i ei skål over kokande vannbad. Ta skåla frå vannbadet og rør til sjokoladen er heilt smelta. Pisk forsiktig fløyte, philadelphia og mascarpone saman, men ikkje for mykje slik at den blir stiv. Rør i smelta sjokolade. Fordel blandinga over kjeksbotnen og sett kaka tilbake i kjøleskapet i minst 3 timar - gjerne til neste dag.

Sjokolademousse

3 egg

100 gram lys kokesjokolade

3 dl kremfløyte

 

Smelt sjokolade på svak varme med noen ss vatn i ein liten kjele. Pisk kremfløyten mens sjokoladen blir kald. Skill eggeplomme frå eggekvite, og pisk eggekviten stiv. Visp eggeplommene lett for seg sjølv og rør dei inn i den smelta sjokoladen. Rør sjokoladeblandinga inn i kremen. Rør den stive eggekviten forsiktig inn i sjokoladekremen. Sett kaldt, minst i ein times tid, før servering.

Karrigryte

500 gram kjøttdeig

1 gulrot

Ein halv purre

1 liten chili

1 ts karri

1 ts malt koriander

0,5 ts salt

0,5 dl ananasjuice

2 dl buljongvatn

Saft frå ein halv sitron

1 ss maisenna

1 boks ananas i bitar

 

Brun kjøttdeigen og ha den over i ei gryte. Kutt gulerøttene i små bitar, purre og chili i ringar. Fres grønsakene raskt i panna og ha i gryta. Tilsett krydder. Bland ananasjuice, buljongvatn, sitronsaft og rør ut maisenna i blandinga. Hell over gryta. Kok opp og la det småkoke i 5 min. Tilsett ananas, og smak til med krydder. Server med jasminris.

Einars freisting

1 boks melonyoughurt

1 liten boks kremfløyte, piska

1 boks fruktcocktail

1 lys sjokoladeplate, grovhakka

Evt. frisk frukt (eks: banan)

 

Pisk kremfløyte. Bland saman med youghurt.

Hell av sukkervatnet frå fruktcocktailboksen, og hell frukta i kremblandinga.

Grovhakk nesten heile sjokoladeplata, ha det i desserten og rasp litt sjokolade på toppen.

Indisk: Beef Pasanda med raita

Denne enkle og smakfulle retten finner du oppskrift på under, eller ved å gå inn på denne linken. Oppskrifta under bildet er rekna til 2 voksne.

Ingrediensar til Beef Pasanda:

2 pk ytrefilet av storfe (til saman ca 400 gram)

1 tomat, finhakka

4 dl ris

2 ss olivenolje

3 dl hønsebuljong

1 rødløk, finhakka

2 fed kvitløk, finhakka

2 ts fersk ingefær, riven

2 ss koriander, malt

1 ss spisskummin

1 ts gurkemeie

1 ts kajennepepper

 

Bland løk, ingefær og krydder saman i en bolle.

Skjær så kjøttet i bitar og steik det i olivenolje. Rør i krydderblandinga, og fres det i 1 min.

Tilsett tomat og buljongvatn og kok opp. La det småkoke under lokk i ca. 40 min.

Kok ris og tilsett gurkemeie for at risen skal bli gul.

Fjern lokket over kjøttblandinga og la det koke 20 min til. 

Smak til med salt.

 

Ingrediensar til Raita:

1 dl youghurt naturell

3-4 cm agurk

Krydder: litt salt, litt chilipulver, pittelitt sukker, litt koriander eller mynte.

 

Ha youghurten i ein bolle og pisk den lett med ein gaffel til den er blitt kremete. Tilsett finrevet agurk. Smak til med salt, chili, sukker, koriander og mynte.

Quesedilla

Enkel og god kvardagsmat for heile familien. Me lagar ofte middag i lag alle tre, med kvar våre ansvarsområder. Mina har ansvar for å prøvesmake alt, og eg og Lennart fordeler resten av matlaginga oss i mellom. Sjølv med ein heil chili i oppskrifta, går det fint å servere dette til barn. Chilien er heilt nødvendig for å få den ekstra gode smaken :)

Ingrediensar

1 pk store tortillas (6 stk)

500 gram kjøttdeig

1 liten løk

1 chili

Ein halv boks hermetiske tomater

2 ts spisskummin

Ein halv boks mais

Riven ost

 

Tilbehør

Guacamole

Salat

Rømme

 

Framgangsmåte

Steik kjøttdeigen. Mot slutten av steiketida rørar du i grovhakka løk og finhakka chili (utan frø). Ha i halvparten av tomatboksen og krydre med spisskummin. Ha så i ein halv maisboks, og rør det saman. Fordel så kjøtblandinga over ein halv tortilla, strø over riven ost, og brett den andre halvdelen over. Eg har ein slags liggande brødristar som eg brukar til å steike tortillaene på, men det går nok like fint å bruke ei steikepanne. Del kvar tortilla i fire. Lag guacamole og ein grøn salat, og server :)

Jordbæris

God iskremoppskrift med berre fire ingrediensar, laga med blender. Finn oppskrifta ved å trykke på denne linken.

Pølser i butterdeig

Pølser

Frosne butterdeigplater

Ost

Sesamfrø

 

Eg brukte to butterdeigsplater til fire pølser. Lag så mange du treng. Legg butterdeigsplater i romtemperatur i omtrent 20 min, og kjevle dei noen centimeter ut på kvar side. Skjær dei i trekantar, og legg ei osteskive på kvar. Legg ei pølse på tvers av trekanten, og rull saman. Pensle med egg og strø på sesamfrø. Steik i forvarma ovn på 225 grader i omtrent 12 minutt.

Vafler

Les mer i arkivet » November 2012 » August 2012 » Juni 2012
hits